Nikken logo

Funnet Nikkennøkkelen

KJÆRE MEDMENNESKER!

Endeleg har eg funne "Nikkennøkkelen" som åpna døra til mitt "nye liv". Smerte-historia mi starta i oktober 1991. Eg fekk akutt verk i bekkenområdet, som medførte store begrensingar i livet. Eit av dei største problema var sitting. Etter ein del prøving og feiling fann eg ut at det som fungerte best for meg, var å leva livet liggande på sida eller magen i ein sacco-sekk....de kan jo førestilla dykk kva fylgjer det fekk for ein aktiv student på 28 år. Eg gjennomførte t.o.m ein 9 t. spes.ped. eksamen liggande i sacco'en. Som formingslærar har eg heldigvis mange interesser. Eg har til tider vore ganske produktiv, i dei mest kompliserte og "umogelege" arbeidsstillingar. Men det har hjelpt meg å halda smertene på avstand i tøffe periodar.

Full av håp og forventningar gjennomgjekk eg den eine undersøkinga etter den andre...for ikkje å snakka om den eine behandlinga etter den andre...i 11 år!!! Vinteren -94 gjennomgjekk eg ein operasjon i bekkenet (avstiving). Det var eit "prøveprosjekt" som eg var med på frivillig. Kva gjer ein ikkje dersom det er eit ørlite håp om betring i slike situasjonar!? Operasjonen såg lenge ut til å gje gode resultat. Men eit fall på rehabiliteringsopphaldet sette ein brå stoppar for den positive utviklinga.

Sidan har det gått slag i slag med utallege undersøkingar, behandlingar, og ikkje minst skuffelsar. Men dei siste par åra har eg prøvd å "leva med problema", og gjera det beste utav situasjonen. Så langt var eg komen i fjor haust då eg kom i kontakt med Nikken og min fantastiske up-liner og støttespelar Harry Hansen. Ei som kjende svært godt til situasjonen og plagene mine ringde og fekk "lokka" meg til å prøva den hærlege Rollout-behandlinga. Nikken var for meg eit heilt ukjendt begrep. Eg hadde ingen tankar om kva dette skulle føra med seg vidare, og trua var ingen støttespelar på dette tidspunktet.

Eg var så "dristig" at eg investerte i eit par barnesålar...ikkje på grunn av noko håp om betring, men eg kjende den gode verknaden sålane hadde på mine kalde og klamme føter. At eg skulle få med noko meir på "kjøpet", merka eg gradvis utover den fyrste månaden. Det var ei merkeleg oppleving, og litt for godt til å vera sant! Tenk at ei investering på kr. 350,- skulle få slik utteljing. Etter 5-6 veker kunne eg ha min fyrste heile dag utan sacco-sekk på 11 år (utanom perioden rett etter operasjonen)! ... og det vart ikkje berre med den eine dagen...

Etter jul kunne eg sitta såpass bra at eg byrja å spela i janitsjarkorpset igjen. Det har vore umogeleg på 11 år. Eg har til nød kunna vore tilhøyrar på konsertane deira liggande i medbragt sacco-sekk. Eg har vore uføretrygda mange år, men går no å ventar på skjema for å søka om yrkesretta attføring. Er det rart eg snakkar om mitt "nye liv"?... og gjet om eg nyt det? Trur det må koma ein oppfylgjar til storfilmen; " Se hun,snakker! "... kva han skal heita...; " Se, hun sitter! " ...sjølvsagt!!!

Mitt møte med Nikken gav sjølvsagt meirsmak, og eg håpar at så mange som mogeleg skal få anledning til å høyra om, og få erfaringar med desse produkta. Tek med takk imot den sjansen eg har fått til å spre dette "ryktet" gjennom min levande reklame. Vil óg retta ei stor takk til familien min som har støtta meg gjennom alle desse åra. Eg har ikkje vore åleine om dei tøffe taka. Og eg er heller ikkje åleine om gleda over resultatet i dag! Ein sunn familie...med Nikken.

Ord blir så fattige i ein slik situasjon, men eg må berre få lov å retta ei stor TAKK til Harry (som eg alt har nemd), og den andre minst like fantastiske halvdelen av denne spesielle duoen; Sigrunn. De er eineståande! Eg føler meg privilegert som har fått gleda av å bli kjendt med dykk, og vil takka for måten de har teke vare på meg så langt i opplæringsfasen. Eg gledar meg til vidare samarbeid med dykk!

"Den fremmede kan være en venn du ikke har møtt! "

Gro Fretland

 

 

 

 

 


Her samles autentiske erfaringer fra folk som har brukt Nikkenprodukter.
Produktene fra Nikken er ikke medisin, og brukererfaringene skal ikke tolkes som medisinske påstander.
Vi påstår ikke at produktene helbreder eller kurerer noen sykdommer. Les mer